Informasjonstilbod og tenester

Skre NMV kan tilby informasjon og dokumentasjon om natur- og miljøfaglege verdiar i Vestlandsregionen, og stå til teneste når det gjeld å arrangera kurs og konferansar, utstillingar og ekskursjonar om naturfaglege emne, kulturlandskapsvern og landbruk.


Publikasjonar og databasar

Skre NMV kan tilby dokumentasjon og informasjon om miljø, natur og landbruk i Vestlandsregionen, og om internasjonal terrestrisk klimaforskning og annan forskning med tilknytning til økologiske problemstillingar. Vi har tilgang til databasar som kan skaffa oversyn over nyare litteratur om desse problemstillingane.

Kurs og konferansar

Skre NMV kan organisera kurs og konferansar om tema innan skog- og jordbruk, miljøvern og naturfaglege emne, og har eit stort nettverk av fagpersonar og hjelpemiddel for å kunna yta den beste hjelp for brukarar til ein rimeleg pris. Skre NMV kan også ordna med innkvartering og overnatting ved slike konferansar.

Utstillingar

Skre NMV kan organisera utstillingar om naturfaglege emne og om aktuelle problemstillingar innan natur- og miljøvern, og skaffa høvelege utstillingslokaler til ein rimeleg pris.

Ekskursjonar

Skre NMV har kontakt med fagmiljø på Vestlandet, og kan på kort varsel organisera ekskursjonar og utferder til områder på Vestlandet for å demonstrera naturfaglege verdiar eller verdfulle kulturlandskap. Skre NMV kan og ordna med innkvartering og overnatting ved slike utferder.

Skre Natur- og Miljøvurdering
Kvernabekkveien 72, 5243 Fana. Telefon: (+47) 55 91 51 53, Mobil (Oddvar): (+47) 909 64 834. E-post: oddvar@nmvskre.no