Forskning og utvikling

Skre NMV har mangeårig erfaring med forskning og utviklingsarbeid innan fagfelta klimaforskning, vegetasjonsøkologi, skogbruk, naturovervaking og stressfysiologi. Vi har og solid bakgrunn i prosjektplanlegging og internasjonalt samarbeid om store naturfaglege prosjekt.


Forsøksopplegg

Skre NMV har kompetanse til å laga opplegg for feltforsøk og veksthusforsøk, for å utforska korleis ulike klima- og miljøfaktorar verkar inn på naturen, og til å analysera resultata av slike forsøk ved hjelp av statistiske metodar.

Prosjektplanlegging

Skre NMV har brei erfaring og kompetanse i prosjektplanlegging, og er tilknytt fleire nasjonale og internasjonale forskningsnettverk (EU COST Actions, ACIA, NORNET m.fl.) Vi kan gi råd og hjelp til planlegging av nettverks- og forskningsprosjekt innan natur- og miljøvern, skog- og landbruk og natur- og kulturlandskapsforvaltning, og til å finna ut korleis slike prosjekt skal gjennomførast og rapporterast (prosjektstyring).

Internasjonalt samarbeid

Skre NMV har ei brei kontaktflate til internasjonale forskningsnettverk og kan hjelpa til med å byggja alliansar mellom desse nettverka og enkeltforskarar, og med folk som arbeider innan offentleg forvaltning, for å få i gang nye prosjekt.

Overvaking av natur, kulturlandskap og miljø

Skre NMV har kompetanse til å laga opplegg for langsiktig overvaking av landskaps- og naturtypar for å studera effekten av ulike stressfaktorar (klima, sur nedbør og forureining) på skog og vegetasjon, og til å finna fram til indikatorar på dette (vekstparametrar, kjemiske indikatorar, indikatorartar).

Evaluering av natur- og kulturfaglege verneverdiar

Skre NMV har god kontakt med fagmiljø ved universitet og høgskular, Fylkesmannens miljøvernavdeling og innan kommunar og fylkeskommunar , og har kompetanse til å utføra registrering og evaluering av natur- og kulturfaglege verneverdiar i ulike natur- og landskapstypar.

Lokalhistorisk informasjon

Skre NMV har god kontakt med databasar og ressurspersonar ved Bergen Bymuseum, Statsarkivet og Bergens Byarkiv, og kan stå til teneste med foredrag og utferder med lokalhistoriske tema i Bergensområdet og ellers i Hordaland.

Arealplanlegging i landbruk og naturforvaltning

Skre NMV har god erfaring i å registrera vegetasjon og landskapstypar, og har kontakt med fagmiljø som kan kartleggja dei ulike arealtypane, slik at det kan nyttast ut i praktisk skog- og landbruk og naturforvaltning.

Rapportskriving (engelsk og norsk)

Skre NMV har god kjennskap til både engelsk og norsk (bokmål og nynorsk) fagterminologi innan natur- og miljøvern, og kan vera både fagleg og språkleg rettleiar for rapportskrivarar. Vi kan og hjelpa til med å omsetja faglege artiklar frå norsk til engelsk eller omvendt.

Kjemisk analyse av planter og jord

Skre NMV har kontakt med kjemiske laboratorier som kan kan analysera jord og planter på oppdrag til rimeleg pris.

Skre Natur- og Miljøvurdering
Kvernabekkveien 72, 5243 Fana. Telefon: (+47) 55 91 51 53, Mobil (Oddvar): (+47) 909 64 834. E-post: oddvar@nmvskre.no